Heim
 |  Produkt
 |  Butikkar
 |  Bilete
 |  Tips&Triks
 |  Om oss
 |  Kontakt


 

Nyrøykt pinnesida frå Evanger Pølsefabrikk
I lag med alle pinnesider i frå Evanger Pølsefabrikk fyljer det eit merke med litt brukarstøtte. På den står det slik:

Gratulera med ditt val, du held no ei nyrøykt pinnesida i frå Evanger Pølsefabrikk i hendene dine.  

I Teigdalen på Evanger har me  teke vare på rike mattradisjonar, framleis nyttar me gamle oppskrifter, røyking og tørking over open eld av oreved i eldhus.

Generasjonar av gode handverkarar sikrar deg eit kvalitetsprodukt - God middag.

Middagen skal du sjølsagt få lag som du vil, men slik gjer me:

Legg det nyrøykta pinnakjøtet i ein stor kjele, hell på så mykje kaldt og reint vatn som det går. La kjelen stå slik i 4 - 6 timar, då får du trekt ut overflødig salt. Tøm ut vatne og ta ut kjøtet. Legg bjørkepinnar i botnen av kjelen i omlag 4 centimeters høgd. Pinnane spikke du lett i skogen, eller du kan kjøpa dei i butikken. Legg kjøtet i og fyll opp med reint og kaldt vatn til over BJØRKEpinnane. 

La det koke i 2,5 - 3 timar. OBS. Hell på vatn så du ikkje kokar tørt. KJØTET ER FERDIG NÅR DU KJENNER AT DET LETT SLEPPE BEINET. Og medan det koke kan du synga ein song eller klemma nokon du er glad i. Men hugs at du skal koka pote og laga kålrabi/ nepestappa også. 

Om du likar slikt, det høve godt med øl og akevitt til denne fantastiske retten.
Lykke til.

Helsing oss på Evanger Pølsefabrikk. 
 
 
Kontaktinfo:
Generasjonsmat Evanger AS
Lekvemogata 12B, 5700 Voss

Org.nr. 987 870 486 MVA

 
 
 
Epost: post@generasjonsmat.no
Kontor: 56 51 35 00
Mobil: 404 69 327 
 
 
             Rediger