I lag med alle pinnesider i frå Evanger Pølsefabrikk fyljer det eit merke med litt brukarstøtte. På den står det slik: Gratulera med ditt val, du
held no ei nyrøykt pinnesida i frå Evanger Pølsefabrikk i hendene
dine.
I Teigdalen på Evanger har
me teke vare på rike mattradisjonar, framleis nyttar me gamle
oppskrifter, røyking og tørking over open eld av oreved i eldhus.
Generasjonar av gode
handverkarar sikrar deg eit kvalitetsprodukt - God middag.
Middagen skal du sjølsagt få
lag som du vil, men slik gjer me:
Legg det nyrøykta pinnakjøtet i ein stor kjele, hell på så mykje kaldt og reint
vatn som det går. La kjelen stå slik i 4 - 6 timar, då får du trekt ut
overflødig salt. Tøm ut vatne og ta ut kjøtet. Legg bjørkepinnar i botnen av
kjelen i omlag 4 centimeters høgd. Pinnane spikke du lett i
skogen, eller du kan kjøpa dei i butikken. Legg kjøtet i og fyll opp med reint
og kaldt vatn til over BJØRKEpinnane. La det koke i 2,5 - 3 timar. OBS. Hell på
vatn så du ikkje kokar tørt. KJØTET ER FERDIG NÅR DU KJENNER AT DET LETT SLEPPE
BEINET. Og medan det koke kan du synga ein song eller klemma nokon du er glad
i. Men hugs at du skal koka pote og laga kålrabi/ nepestappa også.
Om du likar slikt, det høve godt med øl og akevitt til denne fantastiske
retten.
Lykke til.
Helsing
oss på Evanger Pølsefabrikk.
|